Heim                BandetBookingBilderSpeleplanPresseManager

 
     
 

Presseskriv.

Nytt band i ‘Crossover’ sjangeren mellom country og danseband, lanserast i April 2013.
Bandet er starta av 2 erfarne musikarar, Bjarte Haugen fra Olden og Maron Sandvik fra Moltustranda, begge to med lang fartstid fra bl.anna Steinar Engelbrektson Band.

Frontfigur og vokalist i bandet, Mona-Jill Knapp Forssen kjem ifra Lycksele i Nord Sverige.

Bandet har satt seg som mål og etablere seg i toppsjiktet innan sjangeren og satsar på å kome ut til det breide publikum på haustparten 2013.

Særegent for denne gjengen er at så godt som alt av låtmateriell vert sjølvskreve stoff.
Bjarte Haugen og tvillingbror Rogeir Haugen har i årevis skreve tekstar/låtar for mange andre band og er heftig spillt på danseband jukebox og på radioen.
No skal dei, i samarbeid med gode kollegaer, stå for det meste av reportoaret til dette nye bandet.
Første singelen er nå klar og skal ‘testast’ på det store publikum. Låten «Älskling kom hem..» er melodisatt av Jákup Zachariassen og teksten er skreven av Bjarte og Rogeir Haugen.
Nye låtar er snart klar og vi kryssar fingrane for at dette skal falle i smak.

Presseskriv i PDF